Kort fortalt

Milliardar i forsking frå EU

Norske universitet fekk mest pengar.

29.04.2021


(NPK-NTB): Universitets- og høgskulesektoren i Noreg hentar heim den høgaste delen av EU-midlane til norske forskings- og innovasjonsprosjekt.

Dei norske fagmiljøa innan næringsliv, akademia, helseføretak og offentleg forvaltning gjer det skarpt i konkurransen om EUs forskings- og innovasjonsmidlar.

Horisont 2020 er EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Dei siste sju åra har norske prosjekt fått over 15 milliardar kroner frå dette programmet, og delen har stige jamt dei siste åra.

UiO får mest frå EU
Universiteta og høgskulane henta inn 31 prosent, næringslivet 27 prosent, og institutta 25 prosent, ifølgje Noregs forskingsråd.

Universitetet i Oslo (UiO), NTNU og Universitetet i Bergen henta mest pengar frå Brussel. UiO ligg på topp, og fekk sist innvilga 163,9 millionar euro.

I tillegg er norske aktørar med i forskings- og innovasjonsprosjekt til andre som har ei ramme på heile 100 milliardar kroner.

Nesten 1.900 EU-prosjekt
– Som eit lite land er vi heilt avhengig av internasjonalt forskingssamarbeid og vi kan takke EØS-avtalen for at vi i det heile har moglegheita til å vere med i det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Norske deltakarar er med i nesten 1.900 EU-prosjekt. Eitt av prosjekta som nyleg har fått støtte er demens-prosjektet «AI-Mind» som blir leidd av Oslo universitetssjukehus.

Samarbeidet kjem til å halde fram, sidan regjeringa har tilrådd Stortinget at Noreg skal vere med i det neste rammeprogrammet, som startar i år.

(©NPK)

Publisert: 29.04.2021 08:08

Sist oppdatert: 29.04.2021 08:10

Mer om