NPK: Nettselskapa reknar med å bruke 140 milliardar kroner på investeringar i kraftnettet den neste tiårsperioden, skriv Nationen.
Talet går fram av ein statusrapport Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har laga basert på kraftsystemutgreiingane for regional- og sentralnetta i Noreg frå 2015 og 2016. Nettselskapa lagar annakvart år 17 slike utgreiingar for regionalnetta, mens Statnett lagar ei eiga kraftsystemutgreiing for sentralnettet.
Nettselskapa reknar med å investere om lag 22 milliardar kroner i regionalnettet og mellom 50 og 70 milliardar kroner i sentralnettet dei neste ti åra, ifølgje rapporten.
Samtidig er det venta investeringar på rundt 48 milliardar kroner i distribusjonsnettet og 10 milliardar kroner i såkalla smarte straummålarar (AMS).

Publisert: 24.01.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42