Kort fortalt

Milliardjobb på Sverdrup

Fleire kontraktar tildelt i Sverdrup-utbygginga.

31.01.2017
(NPK-NTB) Statoil har tildelt kontraktar for nær 1,3 milliardar kroner til Aibel og Aker Solutions på Johan Sverdrup-feltet.
70 prosent av kontraktane er gått til norske leverandørar.
– Kontraktane er nok eit eksempel på kor viktig nye prosjekt på sokkelen generelt og Sverdrup-utbygginga spesielt er for norske arbeidsplassar og verdiskaping. Derfor legg regjeringa til rette for at vi skal behalde høg aktivitet på norsk sokkel i tiår framover. Det er det viktigaste vi kan gjere for å sikre arbeidsplassar, verdiskaping og velferd, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).
Arbeidsomfanget vil på topp gi behov for anslagsvis 650 stillingar som går i rotasjon i tre skift. Det vil utgjere nærmare 2.000 offshorearbeidarar.
-Dette er ei fantastisk god nyheit og vil vere ei skikkeleg vitamininnsprøyting for to av våre store bedrifter, seier forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum.
Førebuingsarbeidet startar med ein gong, og oppkoplingsarbeidet offshore startar sommaren 2018. Så skal plattformunderstell, plattformer, brønnar, undervassutstyr, eksportrøyr og kraft frå land koplast saman til eit feltsenter, før produksjonen etter planen startar i slutten av 2019.
-Dette er eit viktig oppdrag for Aibel. Vi har jobba målretta og hardt for å oppnå god konkurransekraft og gler oss over å vinne fram i ein stram marknad, seier konsernsjef i Aibel Mads Andersen.
Verdien på Aibels kontrakt er på nærmare 400 millionar og har ein opsjon på oppkopling av to andre plattformer. Arbeidet skal leiast frå Aibel-kontoret i Haugesund.
Kværner skal vere underleverandør til Aker Solutions og skal hjelpe til med planlegging, leiing og samankopling av sju plattformmodular.
Johan Sverdrup, som ligg 140 kilometer vest for Stavanger, er eitt av dei største funna på norsk sokkel sidan midten av 1980-talet.
(©NPK)

Publisert: 31.01.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42