NPK-NTB: Statoil har inngått bore- og vedlikehaldskontraktar verd 12 milliardar kroner med Odfjell Drilling, KCA Deutag og Archer.
Kontraktane varer fire år og skal gjelde frå 1. oktober i år. Dei vil sysselsette omtrent 2.000 personar årleg, skriv Statoil i ei pressemelding tysdag morgon. Vidare blir det gitt opsjonar på å forlenge avtalane med inntil to år.
Avtalane omfattar 18 av Statoils plattformer på ti felt.
– Kontraktane gir grunnlag for eit tett og føreseieleg samarbeid. På den måten legg vi til rette for sikker og effektiv drift, seier direktør for innkjøp Pål Eitrheim i Statoil.

Publisert: 03.04.2018 09:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39