Kort fortalt

Milliardsatsing på Bjorli

Store planar om fjellandsby.

19.01.2021
(NPK): Tettstaden Bjorli i Lesja kommune som i dag er ein populær vinterdestinasjon, har lyst å bli eit heilårs reisemål med fjellandsby, 5.000 nye gjestesenger og heis til Bjorlitoppen 1.225 meter over havet.
Det er iallfall planen til Bjorli Utvikling og skal gjennomførast over 20 år, skriv .
– Dette er konseptet for den utviklinga vi ser for oss. Masterplanen skal omsetjast til ein områdereguleringsplan som vi er godt i gang med. Vi håper å ha han klar til påske, så skal han på høyring. Deretter skal han behandlast kommunalt, seier Oddbjørn Vassli, dagleg leiar i Bjorli Utvikling, til avisa.
Planen til Bjorli Utvikling dekkjer eit område på 10.000 dekar der ein også legg opp til at det skal byggjast 5.000 nye senger fordelt på hotell, leilegheiter og hytter.
– Vi kan kanskje begynne å bygge ut infrastruktur i 2022 og ha dei første leilegheitene og hyttene klare i 2023, seier Vassli. Utviklinga av området skal gå fram til 2040.
I planen inngår det at alpintilbodet skal utvidast med to nye heisar, ein til Bjorlitoppen og ein mellom elva Bøvra og noverande trekk. Det skal gi eit samanhengande nett av nye nedfartar.
Ved inngangen til dagens skitrekk skal det byggjast eit 25 dekar stort sentralområde. Det skal bli ein landsby som åleine vil ha vel 1.000 senger fordelt på hotell og leilegheiter, i tillegg til butikkar, restaurantar og annan service.
Førebels er det ikkje heilt klart kva Bjorli skal lokke med som sommardestinasjon. Men sykkelaktivitetar står på idéblokka.
(©NPK)

Publisert: 19.01.2021 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23