(NPK): lyser ut 50 millionar kroner til prosjekt som bidreg til omstilling blant leverandørar i maritim- og petroleumssektor.
Føremålet er å bidra til omstilling av sektorane som lir under låg oljepris og difor lågare aktivitet i maritim sektor og petroleumssektoren. Forskingsrådet ønskjer òg at prosjekta bidreg til omstilling som gjev lågare klimagassutslepp i Noreg.
Støtta frå potten kan vera 0,3– 3 millionar kroner kvart år i maksimalt tre år, og skal dekkja maksimalt 50 prosent av utgiftene i prosjektet.
Pengane kjem frå Nærings- og fiskeridepartementet som ei prøveordning, og er ein del av det største næringsretta programmet Forskingsrådet har: Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) (©NPK).

Publisert: 27.04.2016 10:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46