Kort fortalt

Millionvekst i tareskogen

Taren verdt mange millionar i året per kvadratkilometer.

30.01.2017
NPK: Tareskogen tek seg opp att mange stader langs kysten vår, etter å ha vore kraftig nedbeita av kråkebollar. Det kan få økonomisk betydning for mange kystkommunar.
I 45 år har store delar av tareskogane langs kysten av Midt- og Nord-Noreg blitt beita ned av det Niva (Norsk institutt for vassforsking) anslår til å vere 80 milliardar kråkebollar, fortel NRK.
Årsaka er veldig gode vekstvilkår for kråkebollane på 1960- og 70-talet. Konsekvensen er at Norskekysten har blitt forvandla frå ein frodig skog til ein fattig ørken.
Men no er ting i ferd med å snu, fortel seniorforskar og biolog Hartvig Christie ved Niva. Og det er godt nytt for økonomien i kystkommunane.
Christie har gjort studie og feltarbeid på Vega i Nordland dei siste åra, og fortel at dei ser at kråkebollane no er i vanskar grunna temperaturauken i havet
– Førebels ser vi effektane av dette heilt sør i Nordland, men etter kvart forventar vi at tareskogen vil vekse seg til igjen lengre nord også.
Når tareskogen veks, trivst anna liv mykje betre. Dei marine økosystema er viktige oppvekstområde for fisk og smådyr, og meir tareskog vil gi positiv utvikling for bestandar av blant anna torsk og sei.
Når fagfolk prøver å gjere berekningar på kva tareskog er verdt i kroner og øre, blir det fort store summer.
I internasjonale publikasjonar har tareskog blitt verdsett til 19.000 US dollar per hektar per år. Overført til norske forhold svarar dette til ein verdi på 15 millionar kroner per år per kvadratkilometer, opplyser Niva.
– Det er snakk om overraskande store verdiar. Akkurat desse estimata stammar frå USA og England, der dei også har store tareskogar, seier Christie.
Han forklarer at tala kanskje ikkje er fullt så høge her i landet.
– Utbreiinga kan vere overvurdert. Men – viss ein summerer alt saman – så kan det godt vere at desse tala ikkje er så langt unna likevel, seier forskaren, som legg til at det uansett er snakk om store verdiar.

Publisert: 30.01.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42