Kort fortalt

Mindre norsk matjord i 2019

Nye SSB-tal viser framleis nedgang. 

01.02.2021
(NPK-NTB): Noreg bygde ned 7.100 dekar jordbruksareal i 2019, ifølgje førebelse utrekningar frå SSB.
Mellom 2004 og 2015 bygde Noreg i gjennomsnitt ned 8.100 dekar jordbruksareal årleg. Utrekningar for 2016 til 2019 viser ein svakt nedovergåande trend, sjølv om anslår at den reelle nedbygginga i 2019 var opptil 8.000 dekar.
I alt 5.257 dekar av det nedbygde arealet var fulldyrka jord, 253 dekar var overflatedyrka jord, medan 1.616 dekar var innmarksbeite.
Tal frå 2016 viser at rundt halvparten av nedbygginga var til landbruks- og bustadformål. Mesteparten av nedbygginga skjer innanfor 500 meter frå tettstader, og det er i eller rett utanfor tettstader at mesteparten av bustadbygging på tidlegare jordbruksareal skjer.
Jordbruksarealet i Noreg utgjer rundt 3 prosent av landarealet, og ein tredel av dette arealet eignar seg for dyrking av matkorn.
Stortinget vedtok i 2015 eit mål om at maksimalt 4.000 dekar dyrka jord skulle omdisponerast til andre formål innan 2020. Omdisponeringa til andre formål enn landbruk sokk med 36 prosent, til 4.025 dekar, frå 2016 til 2017.
(©NPK)

Publisert: 01.02.2021 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23