Kort fortalt

Mindre utslepp frå kystfiske enn havfiskarane

Har undersøkt utslepp per kilo fisk.

Marius Rosbach
12.02.2020
(NPK-NTB): Kystfiskeflåten bruker langt mindre drivstoff per fanga kilo fisk enn havfiskeflåten, viser analysar gjort av forskingsstiftinga Sintef.
Analysane viser kor mykje drivstoff ulike delar av fiskeflåten bruker per kilo fisk dei fangar. I studien viser forskarane òg til at villfanga fisk har lågare klimagassutslepp enn kjøt, og at villfanga fisk har lågare utslepp enn oppdrettslaks, skriv .
Det kjem òg at fram av dei ulike flåtegruppene i fiskeria, er det kystnotflåten og dei pelagiske trålarane som har lågast utslepp. I desse fiskeria ligg forbruket i gjennomsnitt på 0,07 og 0,08 liter drivstoff per kilo fisk dei fangar.
Til samanlikning bruker torsketrålarane 0,36 liter drivstoff per kilo fisk dei fangar, medan dei som kjem verst ut, er dei mindre reketrålarane som driv kystnært. Dei bruker 1,48 liter drivstoff per kilo fangst.
(©NPK)

Publisert: 12.02.2020 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30