Må seie nei til Succession-gjestar
Juvet-hotellet er fullbooka i lang tid.
Hotelleigar Knut Slinning ved Juvet Landskapshotell må seie nei til gjestar som vil kome til staden etter å ha sett tv-serien Succession, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Dei opplever stor pågang frå gjestar, men hotellet har berre 24 senger og er fullbooka i heile sommar.
– Det er litt surt å vite at vi har så mange som vil komme, men at vi ikkje finn plass til alle, seier Slinning til kanalen.
Til vanleg har hotellet 400-500 treff på heimesida si, men etter hotellet vart vist i nesten heile 5. episode i den siste sesongen, steig det til 18.500.
Også Romsdalsgondolen og Eggen Restaurant som er teikna av Ulstein-arkitektane Sporstøl Arkitektar, er mellom stadene som blir mykje vist i episoden.
Publisert: 27.04.2023 11:01
Sist oppdatert: 27.04.2023 11:01