Romsdalsgondolen Åndalsnes
ROMSDALSGONDOLEN: Reiselivssatsinga består av ein fjordstasjon nede ved fjorden på Åndalsnes, ein toppstasjon der gondolen endar og eit restaurantbygg på fjellet. Vindauga kjem frå H-Fasader på Stette og bygningane er teikna av Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik. Foto: Romsdalsgondolen på Facebook
Nytt

«Ein højdare» for lokale bedrifter

Alt frå arkitektar til vindaugespesialistar frå regionen har hatt oppdrag med Romsdalsgondolen. No er attraksjonen ope.

Marius Rosbach
29.05.2021

Fredag blei dørene opna for ein av dei største reiselivssatsingane i regionen dei siste åra. Prislappen på Romsdalsgondolen er rekna å vere på kring 280 millionar kroner, og mykje av verdiskapinga ligg att i lokale bedrifter.

– Vi har hatt leveranse på alt av vindauge og dører i ytterveggane både på fjordstasjonen nede i Åndalsnes sentrum, fjellstasjonen der gondolen endar opp, og restaurantbygget på fjellet, fortel Tarjær Engvik i H-Fasader til NETT NO.

(sjå liste over lokale leverandørar under)

Opninga fredag skjedde på avdempa vis, i tråd med smittevernreglane, ved at det blei opna for å prøvekøyre gondolen opp til Fjellstasjonen på fjellet Nesaksla.

Sjå fakta om Romsdalsgondolen

Satsinga består av ein fjordstasjon nede ved fjorden på Åndalsnes, ein toppstasjon der gondolen endar og eit restaurantbygg på fjellet.

Sjølve gondolbana er kring 1.700 meter lang, og går opp til 694 meters høgde på fjellet Nesaksla.

Prosjektet er rekna å koste kring 280 millionar kroner, og har ein kapasitet på 480 passasjerar kvar veg i timen.

Hovudinvestoren The Norwegian Travel Company AS, er eit selskap eigd av det aktive fondet Longship, og som støttar utviklingsselskapet Romsdalen AS med kapital, kompetanse og nettverk.

Utfordrande i høgda
Tarjær Engvik er prosjektleiar for leveransen som det tradisjonsrike selskapet i har hatt til dei spektakulære bygga. Han fortel at det meste har vore skreddarsaum med ein «god miks» av glasfasader og vindauge.

– Alt blir meir krevjande i høgda. Dei største utfordringane har vore oppe i fjellet med hengande glasfelt og store tunge glass med krevjande tilkomst på stillas i fjellsida, fortel Engvik.

Oppdraget på Romsdalsgondolen er ikkje stort i volum for H-Fasader, men truleg mellom dei som gir størst merksemd.

Engvik fortel at det er «eit kjekt oppdrag for bedrifta å ha på cv-en». Dei har óg levert til andre «luftige» byggeprosjekt som spisestaden under bygging på Dalsnibba.

(saka held fram under)

Romsdalsgondolen foto romsdalsgondolen på facebook 22
HØGT OPPE: Arbeidarane som har jobba i fjellet har hatt god utsikt frå fjellet Nesaksla på 694 meters høgde. Foto: Romsdalsgondolen på Facebook
Det har vore nokre år med raude tal, så fjoråret var «ein højdare»
Tarjær Engvik

Første pluss-resultat på ti år
H-Fasader er eigd av Flakk Gruppen og har auka omsetninga betydeleg dei siste åra. Det har likevel heile ti år sidan siste plussresultat for bedrifta med kring 80 tilsette.

Rekneskapen for 2020 er ikkje offentleg enno, men Engvik fortel at dei endeleg vil legge fram svarte tal og ny auke i omsetninga.

– Vi har hatt ein bra vekst dei siste åra, og leverer meir til større delar av landet. Det har vore nokre år med raude tal, så fjoråret var «ein højdare». Oppdraget med Romsdalsgondolen bidreg til årets omsetning, og vi håpar å halde fram trenden frå 2020 med vekst og positivt resultat, legg han til.

(saka held fram under)

Romsdalsgondolen illustrasjon sporstøl arkitekter 22
TEIKNA I ULSTEINVIK: Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik har jobba mykje med restaurantbygget på toppen Romsdalsgondolen. Spisestaden skal heite Eggen Restaurant og opnar etter planen 2. juli. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

– Har absolutt fått sette vårt preg
Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik er ei anna bedrift i regionen som har jobba med Romsdalgondolen.

Arkitekt Ingvill Arhaug Bovill har hatt hovudansvaret for oppdraget med design- og prosjektering med bygga som truleg vil vere mellom dei mest eksponerte i fylket dei komande åra.

– Vi kom inn i arbeidet i fjor sommar og bygde vidare på eit prosjekt der ein del ting var bestemt. Men vi har absolutt fått sette vårt preg, og spesielt restaurantbygget har vi jobba mykje med, fortel Bovill til NETT NO.

Mykje av arbeidet har dreia seg om dei tekniske løysingane med detaljprosjektering og handtering av alle løyver.

Sjå leverandørar frå Nordvestlandet

Prosjektadministrasjon Xpro i Molde

Den mekanisk verkstaden Procut i Isfjorden

Trappeprodusenten Midthaug

Entreprenørselskapen JO Moen i Rauma.

Byggevarefirmaet Jatre i Elnesvågen.

H Fasader på Stette.

Veblungsnes Sandtak

Måndalen trevare

Sporstøl arkitekter i Ulsteinvik

Nordplan arkitektar på Nordfjordeid.

Trelastselskapet Byggtorget.

(lista er ikkje uttømande - kjelde: Romsdalsgondolen)

Har teikna ein rekke private og offentlege bygg
Arkitekten fortel at Sporstøl Arkitekter kom inn i Romsdalsgondolen via totalentreprenørane – Christie og HS Bygg – som dei har jobba med tidlegare.

– Vi synest det har vore eit veldig kjekt prosjekt å jobbe med. Det har eit godt berekraftig tilsnitt, og eg synest det er flott at alle som vil, kan kome seg opp på eit slikt fjell, seier Bovill til diskusjonen kring gondolbanar.

Kontoret har dei siste åra teikna ein rekke bygg for det offentlege og private verksemder. Ervik & Sævik sitt komande bygg på Mjølstadneset, Tenestehuset i Brattvåg og Stordal barnehage er berre nokre av prosjekta dei siste åra.

(saka held fram under)

Vi har vorte ein stabil gjeng på 16-17 arkitektar og ingeniørar
Ingvill Arhaug Bovill
Rita sævik Ingvill Arhaug Bovill Arnfinn Sporstøl foto marius
HERØYBYGG: Ingvill Arhaug Bovill (midten) og Arnfinn Sporstøl frå Sporstøl Arkitekter saman med Rita Sævik som er i gong med å bygge nytt hovudkvarter på Mjølstadneset. Arkitektfirmaet frå Ulsteinvik har teikna bygget. Foto: Marius Rosbach

– Vi har vorte ein stabil gjeng
Omsetninga til Sporstøl Arkitekter gjorde eit kraftig hopp i åra 2018 og 2019 til kring 20 millionar. Bovill omtalar dei åra som ekstraordinære, og noko dei ikkje ventar kvart år.

Rekneskapen for 2020 er ikkje offentleg enno, men Bovill fortel at omsetninga gjekk ned samanlikna med 2019. Resultatet enda likevel i pluss.

– Vi har vorte ein stabil gjeng på 16-17 arkitektar og ingeniørar, og blir kanskje valt fordi vi har ei god totalpakke. Også håpar vi jo at bygga vi lagar vil generere nye oppdrag, legg ho til.

Romsdalsgondolen restaurant illustrasjon sporstøl arkitekter 11
RESTAURANTEN: Spisestaden som er teikna av Sporstøl Arkitekter, skal opne i starten av juli. Gjestane får god utsikt. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Publisert: 29.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.11.2021 14:02

Mer om