Kort fortalt

Målet om 10 prosent elbilar nådd

42 prosent elbilsal i 2019.

16.01.2020
NPK-NTB: Snart er éin av ti personbilar på norske vegar elbilar. I fjor var meir enn fire av ti selde bilar elektriske.
Det er Norsk elbilforeining som har rekna ut at dei neste månadene vil éin av ti personbilar på norske vegar vera reine elbilar.
– Det betyr mindre klimagassutslepp og betre luftkvalitet i byar og tettstader. Den neste store milepælen er at alle nye personbilar som blir selde i 2025, skal vera nullutsleppskøyretøy. Det målet skal me òg nå, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
I fjor var 42 prosent av alle nye personbilar som vart selde, elbilar. Det var meir enn salet av alle nye bensin- og dieselbilar til saman.
– Det er gledeleg å sjå at ein kombinasjon av avgifts- og bruksfordelar gjer at Noreg er verdsleiande når det gjeld talet på elbilar i forhold til folketal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).
Dersom det berre blir selt nullutsleppspersonbilar frå 2025, kan rundt halvparten av personbilane i Noreg ha nullutslepp i 2030.

Publisert: 16.01.2020 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31