(NPK): Da korona kom, byrja Hovden Møbel, med fabrikk i Litauen, å produserer smittevernfrakkar. Frakkane var i hovudsak retta mot tannlegar i Noreg.
– Vi hadde saumkapasitet, og då møbelsalet brått datt frå midten av mars, produserte fabrikken vår smittevernfrakkar for å kompensere. Dette heldt oss aktive også i april og mai, fortel dagleg leiar Lisbeth Hovden Nilsen, til .
Hovden Møbel hadde i 2020 ein auke i omsetninga på rundt tjue prosent. Og omsetninga var på nær 33 millionar kroner. Det er dei nøgde med i eit år med mykje utfordringar grunna pandemien. Bedrifta gjer alle innkjøp i euro, og kor stort overskotet blir, avheng av kronekursen.
Da pandemien kom, brukte møbelfabrikken tida til å oppdatere marknadsapparatet, betre nettsidene og å spisse satsinga på sosiale media. Frå i fjor sommar og ut året har dei òg hatt høgt sal i privatmarknaden, fordi mange byrja å pusse opp heime.
Fabrikken deira i Litauen har rundt 150 tilsette. Det gode salet har halde fram òg etter nyttår.
(©NPK)

Publisert: 26.01.2021 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23