NPK: Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal kan no få hjelp og støtte frå eit nyoppretta forskingsfond.
Fondet heier Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal og har i år 14,4 millionar kroner til gode forskingsprosjekt, fortel fylkeskommunen i ein omtale på eigne nettsider.
– I Møre og Romsdal har vi tradisjon for å bruka magekjensle og erfaring for å løysa problem. Men vi lever i ei ny tid, og innsikta forskinga kan gje oss, kan i mange tilfelle vera heilt avgjerande for å lykkast, seier Terje Bach i NEAS. Han er ein av dei som representerer næringslivet i styret for det nye fondet.
Pengane frå fondet skal brukast til å støtta opp om prioriterte innsatsområde i fylket. Styreleiar Bergljot Landstad meiner fordelen med eit regionalt fond mellom anna er tettare oppfølging og kortare saksbehandlingstid.
Den første søknadsfristen til fondet er 6. mai. Det gjeld såkalla hovudprosjekt som berre blir lyst ut ein gong kvart år. I tillegg er det mogleg å søkja på ein type forprosjekt heile året. Desse søknadene vil blir behandla fortløpande, heiter det.

Publisert: 30.01.2020 14:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30