NPK: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) har invitert Noregs Fiskarlag, Kystfiskarlaget og Pelagisk forening til eit møte om dei nye krava om sikker sporing av båtane.
Frå neste år må alle fiskebåtar innføre sporingssystemet VMS (vessel monitoring system). Kravet blir innført gradvis. I dag gjeld kravet berre flåten over 15 meter. I tillegg blir det krav om at båtane må melde inn når og kvar dei skal lande fangsten, melder regjeringa.
Grunngivinga er at det er behov for betre dokumentasjon om aktiviteten til fiskeflåten.
– Eg har registrert nokre bekymringar frå fiskarar både for kostnader og for at desse krava vil vere vanskeleg å innfri i praksis i små båtar. No ønskjer eg å høyre kva fiskarane meiner om dei nye krava, og korleis vi best kan leggje til rette slik at gjennomføringa kan skje på ein god måte, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Norges Fiskarlag, Kystfiskarlaget og Pelagisk forening er invitert til møtet om dei nye krava. Møtet finn stad 27. januar.

Publisert: 26.01.2021 13:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23