NPK: Kjøttforedlingsbedrifta Nordfjord Kjøtt i Stryn leverte eit langt dårlegare resultat i 2017 enn året før. Nedgang var på 61 prosent frå 2016, .
– Driftsresultatet for 2017 vart 35,2 millionar kroner, mot 91,6 millionar året før. Resultat før skatt vart 31,6 millionar kroner. Det er ein nedgang på 61 prosent frå 2016. Då oppnådde vi 81 millionar, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg til avisa.
Nordfjord Kjøtt leverer alt dei produserer til Rema 1000. Daglegvarekjeda hadde eit vanskeleg år i fjor. Det får mykje av skulda for eit svakt resultat for Nordfjord Kjøtt.
– Det positive er at vi sjølv i eit år som 2017 tener pengar, seier Roksvåg.
Nordfjord Kjøtt er den største, private verksemda i Stryn kommune.

Publisert: 16.03.2018 12:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39