Kort fortalt

Nedgang for norsk eksport i januar

Lågare verdi for naturgass får skulda. 

Marius Rosbach
17.02.2020
(NPK-NTB): Norsk eksport gjekk ned 7,8 prosent frå januar i fjor til januar i år. Lågare eksportverdi for naturgass får skulda for nedgangen.
Tal frå viser at naturgasseksporten gjekk ned heile 31,7 prosent i perioden. Nedgangen kjem av langt lågare gassprisar og redusert volum.
Noreg eksporterte varer for totalt 79,9 milliardar kroner i januar. Samla importverdi låg på 58,8 milliardar kroner i same månad, dette gav Noreg eit handelsoverskot på 21,2 milliardar kroner.
Overskotet er nær fem milliardar kroner lågare samanlikna med januar 2019.
Eksportverdien for råolje utgjorde 23,6 milliardar kroner i januar, dette svarer til ein auke på 13 prosent frå året før.
Prisen per fat råolje låg på 567 kroner i januar i år, 57 kroner meir samanlikna med same periode i 2019.
Fastlandseksport utgjorde 39,6 milliardar kroner, 2,9 milliardar kroner mindre enn same månad i fjor. Mesteparten av nedgangen blir forklart med ein høg utførselsverdi for spesialfartøy i januar 2019.
Varegrupper med auka verdi i januar var fiskeprodukt som laks, sild, makrell og aure. Eksportverdien for fersk heil oppdrettslaks i januar utgjorde 5,4 milliardar kroner.
(©NPK)

Publisert: 17.02.2020 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30