NPK: Færre medlemmer og økonomisk underskot gjennom fleire år vekkjer bekymring i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
På landsmøtet til organisasjonen nyleg skal fleire utsendingar, ifylgje ha vore uroa for at både medlemstalet og drifta går i feil retning.
Det siste året har organisasjonen mist 578 medlemmer. Samtidig har 318 nye meldt seg inn. Totalen går med andre ord i minus.
Utviklinga er ikkje ny. Medan organisasjonen for ti år sidan hadde 10.600 medlemmer, hadde medlemstalet ved utgangen av juni i fjor falle til 6.187 medlemmer.
Mange av medlemmene byrjar dessutan å dra på åra. Så mykje som 65 prosent av dei er over 50 år, medan 10 prosent er under 35 år.
Organisasjonen slit også med den økonomiske utviklinga. Medan medlemstalet går ned, går underskotet opp. Rekneskapen frå i fjor viser ifylgje avisa nær 600.000 i driftsunderskot og eit årsresultat på 469.000 kroner i underskot. Begge deler er litt meir enn året før.
For å trekkja til seg fleire yngre medlemmer kom det på landsmøtet forslag om å setja ned kontingenten for studentar og elevar, men dette fekk ikkje fleirtal. Motargumentet var at dette ville føra til organisasjonen gjekk glipp av viktige inntekter.

Publisert: 03.11.2020 13:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24