Kort fortalt

Nei til NETT NO

Avslag på pressestøtte.

18.11.2020
Medietilsynet har for andre gang avslått NETT NO sin søknad om pressestøtte.
– NETT NO dekker i hovudsak næringslivsstoff og fyller dermed ikkje kravet til breidde i innhald som blir stilt til lokalaviser for at dei skal få støtte. Sidan NETT NO ikkje er ein nasjonal publikasjon, er det ikkje forvaltningspraksis for å gi unntak frå breiddekravet, sjølv om publikasjonen dekker økonomi- og næringslivsstoff,
Medietilsynet vurderer også at NETT NO har for lågt omfang av debatt- og kommentarartiklar til å kvalifisere til støtte, ifølgje meldinga.
Der Medietilsynet har vore i tvil om ein søkar innfrir innhaldskrava for å få støtte, har tilsynet henta inn analysar av innhaldstilbodet frå Høgskulen i Volda. Det gjeld blant anna Dagbladet Pluss og NETT NO, skriv tilsynet i meldinga.

Publisert: 18.11.2020 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24