Kort fortalt

Nei til ølsal på bensinstasjonar

Forslag nedstemt i Stortinget.

21.01.2021
NPK-NTB: Forslaget frå Framstegspartiet om å tillate ølsal i kioskar og på bensinstasjonar vart stemt ned i Stortinget.
I samband med at daglegvaremeldinga nyleg vart behandla i næringskomiteen på Stortinget, nytta Frp høvet til å fremje forslaget. Dette er eit forslag som også Virke Servicehandel har ivra sterkt for.
Men forslaget fekk ikkje fleirtal då Stortinget behandla meldinga torsdag, skriv . KrF er glad for at alkoholpolitikken ligg fast.
– Frp blir ståande åleine i Stortinget med fri-flyt-politikken sin når det gjeld tilgang på alkohol. Alkohol høyrer ikkje heime i trafikken, verken langs vegen eller til sjøs der folk fyller bensin, seier næringspolitisk talsperson i KrF Steinar Reiten.
Dette argumentet har Morten Ørsal Johansen i Frp liten sans for.
– Det er vel ingen som i fullt alvor trur at folk drikk meir fordi dei sel alkohol på bensinstasjon. Viss du bur utanfor byen og skal kjøpe øl, må du setje deg i bilen for å kjøpe øl i ein butikk, for så å køyre heim igjen for å drikke han. Dersom du kjøper det same ølet frå ein bensinstasjon, så er det ikkje automatisk slik at du byrjar å drikke i bilen heim i staden, seier Ørsal Johansen til Nettavisen.
Virke Servicehandel meiner det berre er daglegvarekjedene som jublar over vedtaket. Det er urettferdig overfor bensinstasjonane og kioskane, og det gir forbrukarane mindre valfridom, ifølgje leiar Iman Winkelman.
(©NPK)

Publisert: 21.01.2021 20:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23