(NPK-NTB): Mange føler at dei har eit trygt heimekontor, men tryggleiken kan vere falsk, ifølgje Næringslivets Sikkerhetsråd. Ei ny nettside skal gi råd om IT-tryggleik.
blir lansert av Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS) og Næringslivets Sikkerhetsråd (NSR).
Ei undersøking NorSIS har fått utført denne veka, viser at 35 prosent av dei spurde har heimekontor i dag. Ytterlegare 6 prosent seier dei skal ha det dei næraste vekene.
Drygt halvparten seier dei har fått nok informasjon til at dei kan jobbe heimanfrå på ein trygg måte.
– Samtidig har fleire undersøkingar vist at mange føler seg trygge på nett inntil det på eit eller anna tidspunkt går gale, seier direktør Odin Johannessen i NSR i ei pressemelding.
(©NPK)

Publisert: 20.03.2020 11:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29