(NPK-NTB): NHO Reiseliv meiner dei nye koronatiltaka set reiselivet tilbake til same situasjon som i mars, og vil at kompensasjonsgrada må hevast til 80 prosent.
Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, meiner at nye retningslinjer for samlingar og tilrådingar om mindre sosial aktivitet vil ramme alt av restaurant og uteliv og heile hotellnæringa.
– Dei nye tiltaka frå regjeringa set reiselivet tilbake til same situasjon som i mars. Derfor må kompensasjonsgrada hevast til 80 prosent som i vår, og utbetalingstaket for kvar bedrift bli auka til 80 millionar kroner. I den situasjonen vi står i no, er alt anna uforsvarleg. Det blir dessutan meiningslaust med ein momsauke for reiselivet no, seier reiselivsdirektøren.
Førre veke auka regjeringa kompensasjonsgrada frå 50 til 60 prosent av faste kostnader.
Ein analyse gjennomført av NHO på oppdrag for NHO Reiseliv viser at reiselivet har tapt 46 milliardar kroner i perioden januar til september 2020 samanlikna med same periode i fjor.
(©NPK)

Publisert: 05.11.2020 14:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24