NPK-NTB: Regjeringa innfører denne veka nye nasjonale koronatiltak som følgje av den alvorlege smittesituasjonen, opplyste helseminister Bent Høie (H) tysdag.
– Smitten spreier seg så fort, og sporing er så krevjande, at vi ikkje kan sjå om tiltaka frå førre veke er tilstrekkelege, sa helseministeren på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen tysdag ettermiddag.
– Derfor kjem det nye innstrammingar denne veka, la han til.
Dei nye tiltaka kjem etter at det den siste tida er meld om stadig fleire koronatilfelle. Det vil i hovudsak vere generelle nasjonale tiltak, men helseministeren opplyste at meir spissa tiltak i område med ekstra høgt smittetrykk òg kan bli aktuelt.
– Det er nødvendig med nasjonale og kraftfulle tiltak i denne situasjonen, understreka Høie.

Publisert: 03.11.2020 18:20
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:54