NPK: Noregs største shippingmesse, Nor-shipping, er utsett til 2022.
Det fortel Skipsrevyen. Messa skulle vore arrangert frå 1. til 5. juni, men på grunn av koronapandemien trur ikkje Elisabeth Schulze i Nor-shipping at det er mogleg å gjennomføre messa i år.
– Vi har vore i kontakt med fleire ekspertar som seier dei ikkje har noko tru på at det mogleg å gjennomføre messa i juni, seier Schulze til Skipsrevyen.
Ho legg til at det ikkje var ei vanskeleg avgjerd å ta.
– Nei, det var det ikkje. Vi har vore i kontakt med utstillarar i november og desember, og dei har forståing for avgjerda, seier Schulze.

Publisert: 11.01.2021 14:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23