NPK-NTB: Nordmenn held seg i den europeiske forbrukstoppen. Berre i Luxembourg har innbyggjarane eit høgare personleg forbruk enn her i landet.
Nordmenn hadde i 2018 mellom 8 og 18 prosent høgare forbruk enn dei nordiske grannane våre, og vart berre slått av innbyggjarane i Luxembourg, viser den europeiske kjøpekraftundersøkinga som Eurostat gjennomførte i fjor og som blir omtalt av .
Medan luxembourgarane hadde eit personleg forbruk på 34 prosent over gjennomsnittet i EU, låg nordmenn 26 prosent over.
Forholda fell saman med dei som kom fram i kjøpekraftundersøkinga for 2017. Nordmenn brukar mindre enn andre EU- og EØS-land på restaurant og hotell, og alkohol og tobakk, men betydeleg meir på rekreasjon og kultur enn gjennomsnittet i EU.
Luxembourgarane hadde i 2017 eit personleg forbruk på 32 prosent over EU-snittet, medan nordmenn låg 27 prosent over.

Publisert: 02.01.2020 10:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31