NPK: Formannskapet i Kristiansund i Møre og Romsdal anbefaler at bystyret skal greie ut om og setje i gang forhandlingar med Trøndelag for å skifte fylke. Dei vil ha med seg kommunane Aure og Smøla der det er naturleg å justere grensa, skriv Tidens Krav.
Føremålet med vedtaket er å leggje spørsmålet om grensejustering fram for innbyggjarane i ei folkeavstemming. Folkeavstemminga om Trøndelags-søknad kan bli før stortingsvalet i 2021.
– Kristiansundspolitikarane er opptatt av at avgjerdsgrunnlaget blir basert på fakta og kunnskap og ikkje kjensler i ei så stor og viktig sak for framtida, seier Linda Dalseg Høvik (Nordmørslista) til TK.
Medan tre av åtte nordmørskommunar ser nordover, blir ikkje Gjemnes, Averøy, Sunndal, Surnadal og Tingvoll med på ei utgreiing om grensejustering.
Averøy-ordførar Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) seier til at ho synest det er bra at innbyggjarane i dei tre kommunane Kristiansund, Smøla og Averøy endeleg kan få ei utgreiing. Ho håpar eit eventuelt regionskifte kan bli raskt avklart.

Publisert: 24.01.2020 16:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30