Kort fortalt

Noreg i fedmetoppen

På fjerdeplass i Vest-Europa.

06.02.2020
NPK-NTB: Ein ny rapport frå Verdsbanken viser ei tredobling av fedme på verdsbasis. I Vest-Europa ligg Noreg i fedmetoppen.
Oversikta til viser at Noreg ligg blant landa med høgast grad av overvekt. I Vest-Europa er det berre Storbritannia, Irland og Spania som har meir fedme i folket enn Noreg, ifølgje tal frå Verdshelseorganisasjonen.
Nasjonalforeningen for folkehelsen er djupt bekymra for utviklinga og kva ho vil ha å seie for den norske folkehelsa.
– Fedmeepidemien i Noreg og resten av verda er alvorleg, både for den enkelte og for samfunnet som heilskap. Vi står i fare at så mange får dårlegare helse at det vil få konsekvensar både for arbeidsmarknaden og helsetenestene, skriv foreininga i ei pressemelding.

Publisert: 06.02.2020 11:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30