NPK-NTB: Noreg klatrar fire plassar og ligg på åttandeplass på ein klimarangering. Sverige held stand på fjerdeplass, medan dei tre øvste plassane står tomme.
Rangeringa (CCPI) måler land på fire område: utslepp av drivhusgassar, fornybar energi, energibruk og klimapolitikk. Ingen land gjer det bra nok på alle områda til å fortene ein plass på pallen, ifølgje CCPI.
– Sjølv om alle land gjorde like mykje som dei som ligg øvst, vil det ikkje vere nok til å unngå farlege klimaendringar, seier CCPI.
Dermed er svenskane best i verda, sjølv om dei berre får ein fjerdeplass. Bak dei følgjer Storbritannia og Danmark.
hamna på tolvte plass for eit år sidan, men ligg altså no på åttande. Vi har dermed gått forbi mellom anna Finland og India. Vi gjer det bra på fornybar energi og utslepp – inkludert eit skjerpa utsleppsmål for 2030. Trass betydeleg nedgang i energibruk per person dei siste åra, får vi ein låg poengsum i den kategorien.
– Land som vert rangert høgt har ingen grunn til å slappe av. Det blir endå kravd større innsats og handling frå styresmaktene for å få verda inn på ein kurs for å halde temperaturauken under 2 grader. Eller endå betre, halde han under 1,5 grader.
EU blir trekt fram som vinnar og har gått opp seks plassar til nummer 16. Unionen har kunngjort at han skal vere klimanøytral innan 2050, og på toppmøtet seinare denne veka, blir det lagt opp til å skjerpe utsleppsmåla fram til 2030.
USA blir ståande på jumboplassen som nummer 61 av 61 land på lista. CCPI poengterer at landet har trekt seg frå Parisavtalen og manglar nasjonale mål for å få ned utsleppa og aukar bruken av fornybar energi. Samtidig blir det peika på at ekspertar seier fleire delstatar og byar har teke klimagrep. I tillegg gjer fallande prisar på fornybar energi at delen av slik energi aukar og utsleppa frå kraftsektoren går ned.

Publisert: 07.12.2020 18:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24