Kort fortalt

Noreg treng 30.000 fleire bikubar

Viktig for å oppretthalde pollineringa.

02.08.2017
NPK: Frå 1980-talet til 2011 blei talet på birøktarar og biesamfunn i Noreg halvert. Dei siste åra har det vore ein oppsving av birøktarar, men framleis er det eit etterslep av biesamfunn.
Ferda til biene frå blomster til blomster er naudsynt for å halde oppe artsmangfald og matproduksjon. 30 prosent av maten vi et er pollinert av bier, og dersom biene forsvinn, vil ein stor del av befolkninga på jorda stå utan mat.
– Vi treng 30.000 nye bikubar i Noreg for å sikre god pollinering, fortel Eli Åsen, seniorrådgjevar i Norsk Birøktarlag til
Norsk Birøktarlag håpar at fleire vil gjere næring ut av hobbyen. Derfor har dei lansert et "eliteprogram" for dei som vil byggje drifta fort opp frå hobby til næring.

Publisert: 02.08.2017 10:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41