(NPK): Noregsferie har rykte på seg for å vere langt dyrare enn ferie i utlandet. Det er ein seigliva myte at det er dyrt å feriere i Noreg, ifølgje reiseekspert.
– Det at det er så dyrt å feriere i Noreg er dessverre ein seigliva myte som har fått godt rotfeste, og som underleg nok òg blir gjenteken av personar som burde ha visst betre, seier reiseekspert og frilansjournalist Odd Roar Lange til
– Vi kjem ikkje bort frå at det kan vere dyrt å ete og drikke ute. Alkohol er dyrare i Noreg enn i mange andre ferieland, men det er på grunn av alkoholavgifta. Men du kan få ganske gode måltid til ein relativt rimeleg penge likevel. I Noreg et du kanskje eit måltid ute, medan du utanlands må ete fleire måltid på restaurant. Det er viktig å ha i bakhovudet òg, seier Lange.
Ein av nøklane til å gjere noregsferien rimeleg er overnatting. Det meiner forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.
– Ein kombinasjon av å bu heime, på eiga hytte eller leigd hytte, hos familie og venner, villcampe eller liggje på campingplass gjer ferien ganske rimeleg, seier han til BT.
(©NPK)

Publisert: 01.02.2021 11:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23