Ny forsking viser at det framleis er eit lønnsgap mellom menn og kvinner. Noreg ligg på femteplass på lista over land med minst lønnsgap.
– I all hovudsak har tidlegare studiar konkludert med at lønnsforskjellane kjem av at menn og kvinner blir sorterte inn i ulike jobbar. Det var overraskande å finne ut at lønnsforskjellane er såpass store som dei er på jobbnivå, seier førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo, Are Skeie Hermansen, til NRK Trøndelag.
Den nye studien peikar på at kvinner i Noreg har 8,6 prosent lågare årslønn enn dei mannlege kollegaene sine, sjølv om dei er tilsette for å gjere den same jobben. Resultatet kjem fram i forskingsrapporten som nyleg vart publisert i Nature Human Behaviour, og peikar på at lønnsforskjellar for å gjere den same jobben utgjer ein vesentleg del av kjønns- og lønnsforskjellane.
Lønnsdata frå 25 millionar arbeidstakarar er innhenta og analysert frå 15 land. Av desse er det henta ut informasjon frå 950.000 norske arbeidstakarar frå 30–55 år. Av dei 15 landa ligg Noreg på femteplass på lista over land med minst lønnsgap på jobbnivå, bak både Sverige og Danmark.
Sjølv om Noreg ikkje ligg på topp, viser forskinga likevel at lønnsforskjellane er reduserte med over ein tredel dei siste 25 åra.
– Det er grunn til å tru at vi vil få mindre og mindre forskjellar for kvar generasjon som går, seier Hermansen.
Publisert: 06.12.2022 12:18
Sist oppdatert: 06.12.2022 12:19




