Kort fortalt

- Norske skogar på norske hender

Det meiner Arbeidarpartiet.

04.11.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: Arbeidarpartiet vil stramme inn lovverket for å hindre at norske skogar hamnar i hendene på aksjeselskap og utanlandske eigarar.
I Stortingets spørjetime onsdag retta Aps landbrukspolitiske talsperson Nils Kristen Sandtrøen kritikk mot regjeringa for iveren deira etter å selje unna statleg skog og manglande vilje til å regulere private sal.
– Naturen i Noreg blir privatisert. Stadig meir skog blir kjøpt opp av utanlandske aksjeselskap, påpeika han frå talarstolen.
Bakgrunnen for saka er eit privat sal av ein skogeigedom i Nord-Trøndelag på storleik med Oslo, som tidlegare i haust vart seld til eit tysk aksjeselskap. Statsskog prøvde å sikre seg eigedommen, men vart utkonkurrert i bodrunden av dei tyske oppkjøparane.
– Når vi ikkje har demokratisk kontroll på prisane på slike eigedommar, kan dei bli så høge at det rike oljelandet Noreg ikkje har råd til dei, seier Sandtrøen til NTB og viser til at Sylvi Listhaug (Frp) i sin periode som landbruksminister oppheva prisreguleringa av slike eigedommar.
– Også Statskog sel no ut mange eigedommar. 30 prosent av dei areala som blir selde, går til aksjeselskap eller oppkjøparar som bur andre stader enn der skogen ligg.
– Vi vil sikre anten felles eigarskap over naturressursane, eller at dei kjem lokalbefolkninga til gode. Og då kan vi ikkje ha den typen privatisering og utsal som vi no ser, seier Sandtrøen.
Ap jobbar no med eit forslag om å endre lova, som ifølgje Sandtrøen skal leggjast fram for Stortinget denne hausten.
Samtidig hevdar han at Høgre meiner det er uproblematisk at skogområde blir selt til tyske investorar. I Stortinget retta han derfor spørsmål til landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) om kvifor er det så viktig for regjeringa å privatisere felles norske naturressursar.
– Eg skulle ønske at dette hadde vorte kjøpt opp av norske eigarar. Dersom vi ikkje skal kunne selje til utanlandske oppkjøparar, må lova endrast, sa Bollestad.
– Men skogen ligg der framleis, og moglegheitene for lokalbefolkninga til å bruke han, ligg der framleis, påpeika ho og påpeika i same andedrag at Arbeidarpartiet ikkje gjorde noko for å endre lova i dei åtte åra dei sett i regjering.
Den kritikken tek ikkje Sandtrøen særleg innover seg.
– I heile denne stortingsperioden har vi prøvd å få med oss regjeringspartia på å stoppe sal av statleg skog og i det minste sørgje for at dette ikkje går til aksjeselskap. Vi har òg heile tida vore imot den opphevinga av priskontrollen som Listhaug starta med, repliserer Sandtrøen.
– Men lovverket må forbetrast. No har eg invitert Bollestad til å bli med og å finne ei løysing. Det blir spennande å sjå om ho forlèt den linja som Listhaug la seg på, eller om ho vil halde fram dagens politikk med privatisering og sal, seier han.
(©NPK)

Publisert: 04.11.2020 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24