NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal: Flyselskapet Norwegian vil framover satsar på eit europeisk rutenettverk utan langdistanse. Samtidig skal gjelda reduserast ned til 20 milliardar kroner.
Styret legg torsdag fram ein oppdatert plan. Norwegian droppar langdistansenettet, og satsar i staden på innanriksreiser i Noreg, reiser i Norden, mellom Norden og viktige destinasjonar i Europa.
Planen er å ha rundt 50 fly i drift i desse marknadene i 2021 og å gradvis auke til omtrent 70 fly i 2022.
– Innanriksreiser i Noreg og flygingar mellom den nordiske heimemarknaden vår og resten av Europa har alltid vore sjølve ryggrada i Norwegians rutenett, og det er dette som også dannar grunnlaget for korleis Norwegian skal sjå ut framover, seier konsernsjef Jacob Schram i Norwegian.
Gjelda skal reduserast til 20 milliardar kroner. Selskapet vil hente inn mellom 4 og 5 milliardar kroner i frisk kapital gjennom kombinasjonar av emisjonar og andre formar for eigenkapital.
Den nye planen inneber at Norwegian òg skal kvitte seg med dei 35 attverande langdistanseflya Boeing 787 Dreamliner. Heile flåten har stått parkert sidan mars i fjor.
Selskapet påpeikar at pandemien har hatt store konsekvensar for heile luftfarten, spesielt langdistansereiser.
– Det vil ta lang tid før etterspurnaden etter langdistansereiser er tilbake, og derfor har vi valt å konsentrere oss om eit sterkt europeisk nettverk når vi kjem ut av reorganiseringsprosessen. Denne avgjerda vil dessverre påverke mange av medarbeidarane våre, og på den måten er dette ei tung avgjerd å ta, seier Schram.
Norwegian håpar den oppdaterte planen vil bidra til statleg hjelp. Selskapet har sendt ein ny førespurnad til regjeringa. Schram meiner vektlegging av kortdistansenett kan trekkje investorar og sikre eit godt tilbod til både kundar og sikre arbeidsplassar.
Restruktureringa blir møtt med positive signal frå regjeringshald.
– Det Norwegian no skisserer er noko anna enn den førespurnaden vi vurderte i november i fjor. Vi er no i gang med ei grundig vurdering av denne nye førespurnaden, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Søknaden er til vurdering. Nybø seier regjeringa vil behandle den så raskt som mogleg
Også samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) meiner omlegginga er godt nytt.
– Dersom Norwegian gjennom dette kan komme ut som eit finansielt styrkt og sunt drive selskap, vil det vere positivt for norsk luftfart, for dei tilsette og for passasjerane, seier han.
Kundar med flyreiser som blir ramma av endringane, vil bli kontakta direkte, og framtidige reiser som blir kansellerte vil bli refundert.
Den irske reorganiseringsprosessen og den norske rekonstruksjonen held fram som planlagt. Den nye planen må godkjennast i begge desse prosessane, sikrast støtte frå kreditorar og deretter få rettsleg godkjenning.

Publisert: 14.01.2021 10:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23