NPK-NTB: Norwegian har igjen stansa utbetaling av refusjonar for billettar kjøpt gjennom reisebyråa. Årsaka er søknaden om konkursvern i Irland.
Stoppen gjeld utbetaling av billettrefusjonar for reiser kjøpt gjennom reisebyrå. Stansen er grunngitt med ein omorganiseringsplan for delar av verksemda i samband med at flyselskapet har søkt om konkursvern i Irland, skriv
Søknadsprosessen i samband med konkursvernet inneber at kreditorane ikkje kan setje i verk tiltak for å sikre betaling og at heller ikkje Norwegian kan betale eller på annan måte oppfylle forpliktingar pådregne før prosessen starta.
Alle refusjonar og kundekrav frå hendingar før 18. november er dermed sett på vent til ytterlegare avklaring kjem, noko Norwegian ventar skal kunne skje i neste veke.
– Dette er uheldig, men den rettslege situasjonen er uklar og det er uklart kva konsekvensar prosessen i Irland har for eit eventuelt vedtak mot selskapet i Noreg. Vi forventar likevel at Norwegian tek opp att utbetalingane straks dei får avklaring frå den irske Examiner, og vil gjere ei ny vurdering når ytterlegare avklaringar kjem, seier Luftfartsverket i ei fråsegn.
Bernt Roger Eliassen, marknadsdirektør i reisebyråkjeda BCD Travel, seier den nye situasjonen er veldig kjedeleg både for Norwegian og kundane og trur det vil føre til at kundane vel andre flyselskap.

Publisert: 02.12.2020 12:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24