Kort fortalt

NRK lovar betre DAB-dekning

Set opp nye sendarar.

31.07.2017
NPK-NTB: NRK set opp nye sendarar i løpet av august og september for å betre totaldemningen.
Sjefen for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, har køyrt Noreg på kryss og tvers for å kontrollere dab-dekninga. No set NRK opp nye sendarar der kontrollmålinga tilseier det, og tar også omsyn til tilbakemelding frå publikum.
Det kjem nye sendarar i Aust-Agder, Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Nord-Trøndelag, Oppland, Rogaland, Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Telemark, Troms og Vest-Agder, skriv NRK i ei pressemelding.
Petter Hox oppfordrar publikum til å ta kontakt med NRK ved spørsmål eller problem. Han kjem også med eit par ting du bør vite om dab:
Flytter du ein dab-radio over avstandar bør du oppdatere kanallista sånn at du ikkje misser NRK sine kanalar. NRK-kanalar sender på ulike frekvensar frå region til region, mens kommersiell radio sender på same frekvens over heile landet.
Godt mottak sikrast igjennom riktig montert antenne. Antenner skal stå vertikalt, og antenner til biladapter må jordast, det vil seie vere i kontakt med bilramma.
Uansett kva DAB-kanal du vel, vil du få beskjed frå nødetatane om det skulle bli nødvendig.

Publisert: 31.07.2017 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41