Kort fortalt

NTNU skårar høgast på omdømme

Suverent på topp i undersøking. 

03.02.2020
(NPK-NTB): Nesten éin av to nordmenn meiner NTNU er den utdanningsinstitusjonen i Noreg som har best kvalitet, viser ei ny undersøking.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) står bak undersøkinga, kalla Utdanningskvalitetsbarometeret, der eit representativt utval av folket er spurt om kva utdanningsinstitusjonar dei tenkjer på med både god og dårleg kvalitet.
Det er Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) som suverent oftast blir trekt fram som universitetet som folk meiner skil seg ut med god kvalitet. 46 prosent set NTNU øvst på lista over universitet med spesielt god kvalitet, medan neste på lista, Universitetet i Oslo, får 10 prosent.
NTNU-rektor Anne Borg gleder seg over tala.
– Ei så suveren plassering i toppen gir eit tydeleg signal om at NTNU har eit solid omdømme i folket, seier ho til .
I den andre enden av skalaen hamnar Nord universitet. 11 prosent meiner universitetet har dårleg kvalitet.
(©NPK)

Publisert: 03.02.2020 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30