Avfallsforum Møre og Romsdal vil også dei to neste åra støtte NTNU i Ålesund når det gjeld faget Avfall og kretsløpsteknologi.
Dette fager inngår som ein obligatorisk del for dei studentane som går andre årstrinn på linja for Vatn og Miljøteknikk, vert det opplyst i ei pressemelding.
Støtta frå Avfallsforum Møre og Romsdal har vidare gitt tilsette i medlemsbedriftene høve til å ta del i undervisninga i dette faget.
Dei har valet mellom å ta ordinær eksamen og såleis få studiepoeng og å berre følgje faget, men då utan kursbevis.
Styreleiar i Avfallsforum Møre og Romsdal, Anne-Berit Salen, opplyser at dei vil støtte NTNU med 145.000 kvart år dei neste to åra – altså totalt 290.000 kroner.
I 2016 og 2017 var støtta frå Avfallsforum Møre og Romsdal på til saman 400.000 kroner.

Publisert: 19.04.2018 12:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39