(NPK): NVE har gått gjennom konsesjonssystemet for vindkraft på land internt og vurdert tiltak for forbetringar. Rapporten er send til Olje- og energidepartementet.
Ei intern prosjektgruppe i NVE har på oppdrag frå vassdrags- og energidirektøren gjort ei vurdering av behovet for endringar i konsesjonsprosessen for vindkraft. Rapporten er no send til Olje- og energidepartementet. I arbeidet har prosjektgruppa blant anna gått gjennom innspel som kom i høyringa av forslaget til nasjonal ramme for vindkraft.
NVE skriv i ei pressemelding at dei det siste året har gjort fleire innstrammingar.
– Vi foreslår blant anna å sette ei grense for turbinhøgde i konsesjonen. Vi foreslår også å legge om til regionale konsesjonsrundar, der fylka får ei tydelegare rolle enn i dag, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.
I rapporten skriv dei at ei regionvis konsesjonsbehandling av vindkraftverk kan innebere at det blir sett ein frist for innsending av meldingar i eit fylke/region, og at NVE gjer ei samla behandling av meldingar og deretter søknader i tett dialog med lokale og regionale styresmakter. Målet er lokal og regional forankring, betre vurderingar av sumverknader og meir føreseielegheit.
I rapporten foreslår NVE òg å Innføre klarare kriterium i energilova for når det bør givast konsesjon eller avslag.
Rapporten går kronologisk gjennom konsesjonsprosessen, og drøftar aktuelle tema og forslag til tiltak.
(©NPK)

Publisert: 21.01.2020 09:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30