Kort fortalt

NVE styrkjer beredskapen

Hittil ingen fare med kraftforsyninga.

19.03.2020
NPK: Så langt er det ifylgje NVE ikkje noko som tyder på at koronaviruset trugar kraftforsyninga, men direktoratet styrkjer likevel beredskapen og føreslår å innleia eit samarbeid med kraftbørsen Nord Pool.
– NVE har varsla Nord Pool om at vi legg opp til å peika ut selskapet som KBO-eining. Det betyr at Nord Pool framover formelt blir ein del av beredskapsarbeidet i kraftforsyninga. Nord Pool vil då bli med i vurderinga av om det er nok ressursar til å handtera ekstraordinære situasjonar sjølv ved større fråvær, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei melding på nettsidene til NVE.
Sjølv om Lund meiner NVE så langt handterer korona-situasjonen bra, peikar han på at situasjonen fort kan endra seg til dømes dersom det blir uvêr.

Publisert: 19.03.2020 16:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29