NPK-NTB: Folkehelseinstituttet er med på å utvikle ein app som kan bidra til å redusere tida som blir brukt på smitteoppsporing.
Dette er ei av fleire ulike teknologiske løysingar som kan støtte smitteoppsporinga av koronavirus, skriv i ei pressemelding fredag
Meininga er at appen kan erstatte store delar av det manuelle arbeidet med smittesporing som i dag tek mykje kapasitet. Det kan òg gjere det mogleg å lempe på breie samfunnsmessige restriksjonar på eit tidlegare tidspunkt.
Gun Peggy Knudsen, områdedirektør for helsedata og digitalisering ved Folkehelseinstituttet, seier dette vil vere eit utprøvande arbeid.
– Vi tenkjer at i denne situasjonen så kan vi ikkje la vere å prøve, og dette vil vere eitt av fleire ulike utviklingstiltak som kan støtte smitteoppsporinga, seier Knudsen.
– Appen kan vere eit nyttig verktøy for å redde liv, men det er viktig at det er full openheit om kva data som blir samla inn og kva dei blir brukte til, seier direktør i , Bjørn Erik Thon.
skriv at , som har utvikla appen i samarbeid med Folkehelseinstituttet, opplyser at dersom ein brukar blir konstatert smitta med viruset, vil det vere mogleg å spore dei telefonane som har vore i nærkontakt med den smitta dei siste 14 dagane.
Med nærkontakt meiner ein at to telefonar, som begge har appen installert, har vore nærare enn to meter i over 15 minutt.
Det er berre dei som har valt å laste ned appen som får varsel.

Publisert: 27.03.2020 15:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29