Kort fortalt

Ny arvelov skal gjelde frå nyttår

- Får moderne og oppdaterte reglar.

28.02.2020
NPK-NTB: Den nye arvelova gir større fridom i testament og eit betre vern for barn frå tidlegare forhold. No er det bestemt at ho skal gjelde frå 1. januar 2021.
Det vedtok fredag.
– Arvelova gjeld oss alle. Den nye lova gir oss moderne og oppdaterte reglar i eit språk som er enklare å forstå, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).
I dei større bua har det til no vore slik at kvart barn ikkje kan krevje meir enn 1 million kvar i arv før testasjonsfridommen aukar.
Dette taket blir heva i ny lov, slik at kvart barn kan krevje 15 G – rundt 1,5 millionar kroner – kvar, men aldri meir enn delen sin av to tredelar av det far eller mor lèt etter seg.

Publisert: 28.02.2020 16:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30