NPK: Heidi Wolden blir ny administrerande direktør i reiarlaget Norled.
– Vi er svært nøgde med at Heidi Wolden har takka ja til å leie selskapet og vi ønskjer henne velkommen til Norled, seier styreleiar Elisabeth Grieg i Norled i ei pressemelding.
Wolden kjem frå stillinga som konsernsjef i entreprenør- og bustadselskapet Kruse Smith.
– Eg er både svært glad og audmjuk til at eg no får moglegheita til å leie eit pionerselskap for det grøne skiftet innan maritim næring. Norled satsar betydeleg på ein grøn transformasjon innan ferje- og hurtigbåtnæringa, og eg ser verkeleg fram til å kunne bidra inn i den ønskelege, og naudsynte omstillinga, seier Wolden.
Heidi Wolden kjem opphavleg frå Tingvoll på Nordmøre i Møre og Romsdal. Ho går inn i stillinga 1. mai.

(©NPK)
Publisert: 02.03.2020 10:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30