Kort fortalt

Ny gullgruve på havbotnen

Regjeringa løyver pengar til kartlegging.

03.11.2020
NPK: Regjeringa vil bruke 30 millionar på å kartleggje verdiane som ligg i utvinning av mineral som ligg på havbotnen i Noreg.
– Det er nok mange av ekspertane som er forsiktige med å spå kor store verdiar som ligg her. Eit tidleg estimat er på 1000 milliardar. Men dette talet kan både vere lågare og det kan òg vere betydeleg høgare, seier Jan-Gunnar Winther, direktør ved senter for hav og Arktis, til .
I 2019 vedtok Stortinget havbotnminerallova, som opnar opp for framtidig leiting og produksjon av utvinning av mineral på norsk havbotn. Oljedirektoratet og fleire forskingsmiljø har no byrja å kartleggje ressursane i desse havområda, og i statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å løyve 30 millionar kroner til kartlegging av mineral på havbotnen.
Winther forklarer at det går ein vulkanrygg mellom Jan Mayen og Bjørnøya, der det er rørsle i sjøbotnen. Dette gjer at sjøvatnet kan trenge djupt inn i berggrunnen. Her blir det varma opp til rundt 400 grader og så løyser det opp mineral som kopar, sink, kobolt, litium, sølv og gull. Han trur at å opne for utvinning av desse minerala også vil føre med seg konflikt.
– Det vil også vere store problemstillingar knytt til miljøpåverknad. Utgangspunktet er at vi nesten ikkje har kunnskap om kva som finst av liv på dei djupa, seier han til NRK.
Nina Jensen, direktør i REV Ocean, meiner det no er viktig å få nok kunnskap på plass, og minner om at det på havbotnen finst økosystem som har utvikla seg gjennom millionar av år.
– Desse må vi ha stor respekt for, og ikkje øydelegge på nokre få år eller tiår av vår historie, seier ho til NRK.

Publisert: 03.11.2020 07:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24