Kort fortalt

Ny kjerneboring for skipstunnelen

Kystverket jobbar for å redusere usikkerheita.

Marius Rosbach
21.07.2023

Kystverket har starta ei ny runde med kjerneboring for å undersøke fjellkvaliteten i traseen for Stad skipstunnel.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Kystverket.

Arbeidet blir gjort for å redusere usikkerheita før den komande tunneldrivinga og sikringsarbeidet i tunnelen.

Regjeringa har bedt Kystverket om å sjå på moglegheita for å redusere kostnadane med å bygge Stad skipstunnel, etter at ein uavhengig analyse viste at prosjektet vart dyrare enn då Stortinget vedtok bygging.

Boringa utførast av Entreprenørservice frå Førde og arbeidet skal halde fram til litt utpå hausten.

Boringa skjer frå Kjøde-sida, der ein borerigg går inn i fjellet i overkant av fylkesvegen. Totalt skal Kystverket bore opp mot 1050 meter i retning nordvest, parallelt med planlagt skipstunnel. Kjerneprøvene har ein minimumsdiameter på 45 millimeter.

Publisert: 21.07.2023 11:24

Sist oppdatert: 21.07.2023 11:24

Mer om