Stad 1
MOLDEFJORDEN: Det er laga nye illustrasjonar av Stad skipstunnel. Her frå utseglinga i Moldefjorden. Foto: Kystverket/ Multiconsult/ LINK Arkitektur.
Nytt

Klare til å rive hus og bygningar

Gjer seg klar for byggjestart neste haust, og vil snart rive hus og bygningar i Kjøde.

01.04.2023

Arbeidet med Stad skipstunnel går etter planen, opplyser Kystverket i ei oppdatering rundt prosjektet.

For å vere i rute til kontraktssignering og mogleg byggjestart neste haust vil ein starte med forberedande arbeid no i sommar og haust. Arbeidet går mellom anna ut på å flytte ei høgspentlinje i Moldefjorden og starte med å rive hus og bygningar i Kjøde.

Massefrist 1. juni
Men samstundes må ein få med dei siste endringane frå reguleringsplanarbeidet, både for tunnelområda og dei nye næringsområda på Lesto og Kjøde, og for andre mottakarar av steinmassar.

Kommunane (Stad, Vanylven og Kinn) er bedne om å samordne seg, og ha ei prioriteringsliste klar med tiltak som bør få stein frå Stad skipstunnel innan 1. juni.

Urolege for støy
Kystverket opplyser at deler av den siste månaden har ein brukt på Stadlandet, til å møte naboar av skipstunnelen, kommunar og næringsdrivande. Blant anna har kommunikasjonsansvarleg i prosjekt Stad skipstunnel, Sveinung Nedregotten, saman med prosjektleiar Terje Skjeppestad besøkt nærare 50 husstandar i den såkalla støysona på begge sider av skipstunnelen. Fleire er urolege for støyen under byggjeperioden.

– Vi legg ikkje skjul på at det i periodar kan bli mykje støy og truleg bli krevjande å bu tett innpå anleggsarbeidet. Men målet er at flest mogleg skal bu heime, mest mogleg. Det opplever vi også at innbyggjarane sjølv ønsker. Dette skal vi legge til rette for, samstundes som vi vil tilby alternativ overnatting om tilhøva blir for ille, seier Nedregotten.

Stad 2
KJØDE: Slik vert tunnelinntaket ved Kjøde. Foto: Kystverket/ Multiconsult/ LINK Arkitektur

Fakta om Stad skipstunnel

Steinalderfunn
Kystverket opplyser at Vestland fylkeskommune har gjort fleire arkeologiske funn rundt skipstunnelen. Ved Kjøde er det mellom anna funne spor etter ein steinalderlokalitet, og gravd fram ein dolk eller spydspiss som kan vere 4000-5000 år gamal.

Meir utgravingsarbeid står att. Det er universitetsmuseet i Bergen som står for sjølve utgravingsarbeidet, medan Vestland fylkeskommune registrerer funna.

Publisert: 01.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.03.2023 17:31

Mer om