Krev ei rekke svar om skipstunnelen
– Heilt nødvendig etter kaoset som no har oppstått, meiner stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V).
Venstre har sendt fleire spørsmål til regjeringa om Stad skipstunnel i kjølvatnet av stoppsignalet til regjeringa i revidert statsbudsjett (sjå spørsmåla under).
– Det er heilt nødvendig etter kaoset som no har oppstått, der regjeringa opplyser til Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett at prosjektet er stoppa, medan Kystverket som prosjektansvarleg seier at prosjektarbeidet held fram, uttaler Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.
Stortingspolitikaren viser til at regjeringa i revidert statsbudsjett sette på bremsane for samferdsleprosjektet og viste til anslag om kostnadssprekk.
I forslaget frå regjeringa blei det mellom anna påpeika at arbeidet med å erverve grunn no vart stoppa opp. I ettertid har Kystverket gått ut og sagt at dei held fram med prosjektet som planlagt for å vere klare med eit anbod som kan gå ut i marknaden i haust.
Andre «spelereglar» for skipstunnelen?
Kystverket skal no kutte kostnader – før regjeringa eventuelt ville kome tilbake med eit forslag om å auke pengepotten til prosjektet til hausten.
No vil Venstre har klart svar på om det er lagt andre kriteria og «spelereglar» til grunn for kostnadsanslaget på Stad Skipstunnel, enn på andre bygg- og anleggsprosjekt.
Partiet vil óg vite om det er andre større planlagde bygge- og anleggsprosjekt med kostnadsvekst som følgje av generell prisvekst - som ikkje blir stoppa på same måte som Stad Skipstunnel.
Usikkerheit utgjer stor del av auken
I regjeringa si pressemelding om auka kostnader for skipstunnelen, heiter det at styringsramma (forventa kostnad) hadde auka frå 3,45 til 5,65 mrd. og at kostnadsramma hadde auka frå 4 til 7,1 milliardar kroner.
Samtidig kjem det fram i kostnads- og usikkerhetsanalysa fra Marstrand As at anslaget for venta kostnad var på 4,6 milliardar. Det er kring 740 millionar og 19 prosent høgare enn det sokalla basisestimatet.
Usikkerheita – som rapportskrivarane påpeiker er høg ved det unike prosjektet – utgjer difor ein svært stort del av kostnadssprekken regjeringa viser til. I rapporten blir det óg påpeika at det er ein reell moglegheit til å bygge skipstunnelen til under 3,8 milliardar kroner.
Kritisk til manglande dialog
Venstre meiner regjeringa si handtering av viktige saker for kysten og Vestlandet er generelt svært lite tillitsvekkande.
Dei viser mellom anna til at det ikkje har vore dialog på førehand mellom regjeringa og Kystverket før Revidert Nasjonalbudsjett vart lagt fram.
- Det seier mykje om ei regjering som lar kyst og sjøtransport gå for lut og kaldt vatn, og eigentleg ikkje bryr seg. No må vi i det minste få skikkelege svar på alle spørsmål som no heng i lufta knytt til Stad Skipstunnel, uttaler Bjørlo.
Dette er spørsmåla Venstre har sendt til Stortinget:
Hvor store kostnader har staten til nå hatt på arbeid med å planlegge, prosjektere, kvalitetssikre og gjøre forberedende arbeid for bygging av Stad Skipstunnel?
Hvor store kostnader har berørte kommuner og næringsliv i disse kommunene p t hatt på forberedende arbeid til bygging av Stad Skipstunnel inn mot byggestart (reguleringsarbeid, forberedende arbeid til å ta imot tunnelmasser etc)?
Hvor stor del av den varslede kostnadsøkningen på 70% for Stad Skipstunnel er reelle økte prisanslag/kostnader, hvor mye er økte usikkerhetsanslag/-marginer, og hvor mye av dette er særskilte usikkerhetspåslag som følge av at dette er et prosjekt innenfor sjøtransport og ikke innenfor veitransport, der man har lang erfaring med gjennomføring av større anleggsprosjekter av denne typen?
En mulig og vanlig måte å redusere usikkerheten om kostnaden ved Stad Skipstunnel på, ville være å sende prosjektet ut på anbud innenfor gitte økonomiske rammer. Hvor mye arbeid gjenstår før et slikt anbudsgrunnlag er klart, og er det formelle hindringer for å gjennomføre en slik anbudsutlysning for å få klarhet i det reelle kostnadsbildet for prosjektet ute i anleggsmarkedet?
Kan Stortinget få en oversikt/liste over alle planlagte statlige bygge- og anleggsprosjekter med anslått kostnadsramme på over 2 mrd NOK har som løpet av det siste året fått økte kostnadsanslag med minst 30%, og hvor mange/hvillke av disse prosjektene er foreslått «fryst» med pålegg om kostnadsreduksjoner på samme måte som Stad Skipstunnel
Publisert: 19.05.2023 13:38
Sist oppdatert: 19.05.2023 14:03