Kort fortalt

Ny konkurs for byggfirma

Byggfirma i Ålesund konkurs etter vel eit år.

22.02.2022

I 2019 gjekk Ålesund-selskapet Kovak konkurs etter at selskapet blant anna fekk problem som følgje av reklamasjonar frå, og arbeid som ikkje vart betalt, av konkursråka Nordbohus i Ålesund.

Inntil i mars 2019 heitte selskapet Kovak for Johnsen Bygg.

Johnsen Bygg vart starta opp att i januar i fjor, men er på nytt konkurs.

Bustyrar er advokat Anders Svinø, og første skiftesamling er 4. april i Møre og Romsdal tingrett i Ålesund.

Publisert: 22.02.2022 13:43

Sist oppdatert: 22.02.2022 13:50