Kort fortalt

Ny koronasmell for Widerøe

Ventar tøffare tider etter nye innstrammingar.

06.11.2020
NPK: Fleire koronasmitta og strengare smittevernreglar gjer situasjonen vanskelegare for Widerøe.
– Det er vel liten tvil om at det no går frå vondt til verre, siger direktør for kommunikasjon og samfunnskontrakt i Widerøe, Silje Brandvoll til
Ho seier det enno er for tidleg å seia kva oppmodinga til regjeringa om at folk skal unngå unødvendige innanlandsreiser har å seia for rutetilbodet til selskapet, men peikar på at talet på bestillingar har gått ned etter dei høge smittetala og nye innstrammingane sist veke. Brandvoll reknar med at dette er noko selskapet vil merka meir av.
Det gjer situasjonen endå meir krevjande for ein bransje som frå før er hardt pressa. No etterlyser Widerøe-direktøren meir statleg hjelp.
– Vi er ganske fortvila no, fordi det er varsla ein tiltakspakke som skulle koma til bransjen, men som vi ikkje har sett noko som helst til. Og no går situasjonen frå alvorleg til svært alvorleg. Vi kan snart ikkje venta meir, dette dreier seg om 3.000 norske arbeidsplassar, seier Brandvoll.

Publisert: 06.11.2020 14:05

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:10