Kort fortalt
Ny spisestad i Hellesylt
Opnar i tidlegare gatekjøkkenlokale.
02.03.2022
Om litt får Hellesylt eit nytt mattilbod når lokala til det tidlegare Gatekjøkkenet i sentrum opnar igjen, skriv Hellesylt.info.
Det er eigar og drivar, Ramazan Øcal, av Salg og Utleiebuda, som har leigd nabobygget, der det tidlegare var gatekjøkken. Øcal har tidlegare dreve pizzarestaurant i bygda, og starta i 2020 ny verksemd med sal av lokalprodusert mat, sko og klær og utleige av fritidsutstyr.
No skal han snart også drive butikk og spisestad i nabobygget han har leigd, ifølgje nettstaden.
Publisert: 02.03.2022 10:00
Sist oppdatert: 02.03.2022 10:01