Kort fortalt

Nye EU-reglar skapar debatt

Gjer at vasskraft kan bli rekna som ikkje berekraftig

30.11.2020
(NPK): EUs nye klassifiseringssystem for berekraftig finans skaper debatt. Vasskrafta risikerer no å bli stempla som ikkje berekraftig.
Systemet skal gjere det lettare å skilje mellom det som faktisk er klima- og miljøvennleg, og det som berre ser grønt ut på papiret. I utkastet er det ikkje sikkert at vasskrafta vil bli rekna som berekraftig.
– Det bekymringsfulle er at vasskraft får ei rekkje krav på seg for å bli rekna som fornybar og berekraftig. Dette er i motsetning til sol og vind, som nærmast automatisk blir rekna som fornybare, seier direktør Eivind Heløe i Energi Norge til
Statssekretær Tony Tiller (H) i Olje- og energidepartementet seier dette i ein e-post til kanalen:
– Vi vil arbeide vidare for å vareta norske interesser i den noverande høyringa. I delar av regelverket som allereie er vedteke, følgjer det at økonomisk aktivitet som høyrer inn under EUs fornybardirektiv, medrekna fornybar energiproduksjon, i utgangspunktet skal sjåast som berekraftig.
(©NPK)

Publisert: 30.11.2020 17:48

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:04